For bedrifter

Vettu kven som vinn fredagsquizen?

Ein god quiz samlar folk. Vettu gjer det enkelt å lage ein – om kontoret, kundane, bransjen eller noko heilt anna.

Passar der folk er samla

Fredagsquiz

Ti spørsmål og ein pall. Lag den sjølv, eller vel ein ferdig quiz frå biblioteket.

Kickoff og samlingar

Plass til opptil 200 spelarar i same quiz – heile avdelinga kan vere med.

Kundekveld og stand

Spørsmål om produkta dykkar, med bilete. Gjestane blir med med ein QR-kode – utan å laste ned noko.

Opplæring

Sjekk at det viktigaste har sett seg – og ta ein ny runde på det som sat dårlegast.

Laga for jobben

  • Reaksjonar: deltakarane sender emojiar som dukkar opp på storskjermen i lobbyen, ved fasit og på pallen.
  • Musikk og stemning: lyd på storskjermen, konfetti og pall – skjermane til spelarane er stille.
  • Lagmodus: la avdelingar eller bord spele mot kvarandre – poenga blir samla per lag.
  • Eigne bilete og import: bruk bilete av produkta dykkar, eller lim inn spørsmål frå eit rekneark.

For dei som stiller krav

Spelinga skjer i EU

Spelet sender ingen opplysningar om elevar og deltakarar ut av EØS. Det blir køyrt og lagra hos Hetzner i Tyskland (EU), og tryggingskopiane ligg i EU og på vårt eige utstyr i Noreg. Det er berre det du sjølv skriv anten i quizhjelpa (Vettu Pluss) eller til hjelparen Alex, som blir behandla av leverandøren vår Anthropic i USA: temaet og målgruppa (pluss eit vedlegg, viss du legg ved eit), eller spørsmålet du skriv til Alex. Namn, e-post, kallenamn, svar og resultat blir aldri sende. Ingen reklame og inga sporing frå andre selskap.

Integrasjonar

Med Vettu Pluss (kjem snart) kan de kople Vettu til eigne system via API og MCP, og få hjelp til å lage quizar. Sjå prisar.

Ingen konto for gjestane

Deltakarane oppgir berre eit kallenamn. Det gjer det enkelt å bruke Vettu med kundar og gjestar.

Klar for fredag?

Start med ein ferdig quiz – utan konto. Lag ein gratis konto når de vil lage eigne.