Alt du treng for å lage og spele quizar – heime, på jobben og i skulen.
- Opptil 500 quizar per konto
- Spel quizane igjen og igjen, med opptil 200 spelarar i kvar quiz
- Alle ferdige quizar i biblioteket
- Bilete i spørsmåla – last opp eigne eller søk blant gratis bilete
- 100 MB til bileta i quizane dine – nok til rundt 600 bilete i vanleg storleik
- Alle 15 spørsmålstypane og alle spelfunksjonane – lagmodus, lekser i eige tempo og meir
- Musikk, figurar, reaksjonar, poengtavle og pall
- Ingen konto for spelarane – og ingen for å starte ein ferdig quiz
- Ingen reklame
For tilleggstenester vi sjølve betaler for kvar gong dei blir brukte – og for bedriftsbruk.
- Quizhjelp. Skriv eit tema og ei målgruppe, så får du eit utkast du kan redigere og faktasjekke.
- Bedriftstilgang. Kople Vettu til eigne system via API.
- Alt i Gratis
Spørsmål om pris
Kvifor er Vettu gratis?
Vettu er gratis fordi vi trur at det er saligare å gi enn å få (og fordi vi sjølv har irritert oss over betalingsmurar for ganske grunnleggjande funksjonar).
Det einaste som kan koste noko, er Vettu Pluss – valfrie tilleggstenester der vi sjølve har direkte utgifter for kvar bruk.
Er det ei grense på talet på quizar eller spelarar?
Du kan ha opptil 500 quizar på kontoen. Grensa er der berre for å hindre misbruk – treng du fleire, ta kontakt, så aukar vi ho. Av same grunn er det tak på kor mange quizar og spel som kan lagast og startast i løpet av ein time. Vanleg bruk kjem sjeldan i nærleiken.
Kvar quiz har plass til opptil 200 spelarar samtidig.
Er det ei grense på bilete?
Bileta i quizane dine har 100 MB plass per konto. Vi gjer bileta mindre når du lastar dei opp, så det held til rundt 600 bilete i vanleg storleik. Bilete som ingen av quizane dine brukar, kan du rydde bort i quizeditoren.
Må spelarane betale eller lage konto?
Nei. Spelarane blir med med PIN-kode og kallenamn. Ein ferdig quiz kan òg startast utan konto. Berre den som lagar eigne quizar eller vil lagre resultata, treng ein (gratis) konto.
Kjem Vettu til å koste pengar?
Nei. Alt du brukar i Vettu i dag – å lage, spele, dele og øve på quizar – er gratis, og det held fram med å vere det.
Vettu Pluss blir eit valfritt tillegg for to ting som kostar oss pengar å drive: quizhjelp (du skriv eit tema og får eit utkast) og tilgang for bedrifter som vil kople Vettu til eigne system. Du treng aldri Pluss for å bruke Vettu. Vil du kople Vettu til eigne system, ta kontakt, så finn vi ut av det saman.
Kva med skular og kommunar?
Læraren kan bruke Vettu gratis. Databehandlaravtalen ligg klar til å signerast, og personvernerklæringa viser kva vi lagrar. Spørsmål om innkjøp? Ta kontakt. Les òg om Vettu i skulen.
Vettu kva du ventar på?
Alt i Gratis er klart til bruk no.